JULEBORD I PS BRYGGEKAFÉ
Me kan tilby ei heilt spesiell ramme rundt året julebord her på PS Bryggekafé.

ME FIKSER BUSS
Det skal vera sutalaust og kjekt å ha eit arrangement i PS Bryggekafé i Kråko. Når me veit antal personar, dato og tid kan me henta pris på busstransport med henting på Stord og retur etter julebordet, og me ordner alt det praktiske med dette så de kan berre gle dykk til den kjekke kvelden.
JULEBORD I BRYGGEHALLEN

Julebord i ELØ sin bryggehall - ei eksklusiv ramme rundt julebordet for mindre grupper
Me dekker eit julefint langbord med kvite dukar midt mellom dei blanke tankane i ELØ sin bryggehall, som er smakfullt lyssett for den heilt spesielle stemninga.
Me serverar tradisjonell julebuffet med pinnekjøt og ribbe (eller om de vil, kan me også fiksa noko heilt anna, som juletapas eller skalldyrbuffet, det er opp til dykk). Etter middagen serverast tradisjonell juledessert, så klart.
Når det gjeld drikke til maten kan de velga blant kaféens sortiment av alkoholhaldige drikkealternativ, som juleøl og anna øl og akevitt, og sjølvsagt god vin eller cider for dei som ønsker det, og me har eit godt utval av alkoholfri drikke, blant anna to ulike typer alkoholfri øl. Me har alle rettighetar når det gjeld alkoholservering.
Julebord i bryggehallen passer for små grupper på opp til 20 personar.
JULEBORD I PS BRYGGEKAFÉ
Julebord i PS Bryggekafé – god plass og god stemning
Eit alternativ er å ha julebordet i kafélokalet, som er stemningsfullt julepynta, og med dei store glasvindauga inn mot bryggehallen, anten fordi bryggehallen ikkje er ledig, eller om de er ei større gruppe. Det er triveleg med julebord i kaféen for mindre grupper også, men i bryggehallen blir det for trongt dersom de er meir enn 18-20 personar. I kaféen har me god plass for opp til 50 personar.
Me er merksame på at dei fleste ønsker tradisjonell julematbuffet med svineribbe og pinnekjøt med tilbehør og tradisjonelle juledessertar, og det er me veldig gode på. Men me er også open for å planlegga noko utanom det vanlege dersom det er interesse for det. Me kan snakkast om dette på telefonen! Ring til Jorunn på tlf 41270321 eller send e-post til jorunn.hernes@gmail.com
ØLSMAKING
Og sjølvsagt er det mulig å tinga ølsmaking før måltidet, for å riktig setta tonen for julebordet i bryggehallen. Velg mellom vår klassiske ølsmaking eller mot eit tillegg kan me ha ei eksklusiv «juleølsmaking», om det er av interesse.
PRISER
