FOR BEDRIFTER
ØLSMAKING

Ølsmaking er utruleg kjekt, anten ein likar øl eller ikkje. De vil bli overraska over kor kjekt alle saman har det med å smaka på handverksøl som vert brygga her hos oss, heilt på bryggekanten. Få servert klassiske og overraskande eksempel frå ELØ sitt sortiment, saman med underhaldande historier. 10 personar minimum, kan arrangerast med eller utan måltid i kaféen etterpå.
EIT BEDRE MÅLTID I PS BRYGGEKAFÉ

Etter ølsmakinga kan me servera alt frå pizza til gryterett, rekefest eller sjømatbuffet, og vår tapasbuffet er legendarisk. Dessertar er me også gode på. Me har alle rettighetar når det gjeld alkoholservering, så utanom eit sinnsjukt godt utval ELØ øl (sjølvsagt) kan me servera vin, cider, bobler og eit kresent utval drinkar. I tillegg til masse god alkoholfri drikke, så klart.
EI FRISK OPPLEVING FØR ØLSMAKINGA?

Treng de litt frisk, salt luft i Iungane og ei helt spesiell oppleving for teamet? Me samarbeidar med Fjordeventyret AS. Kontakt oss, så planlegg vi ei opplevingspakke saman. Vi har mange gode forslag som de kan vurdera, alt frå ein roleg kosetur blant holmar og skjer i Fitjarskjergarden som passar for både tante Gudrun og Bestemor, til eit skikkeleg adrenalinkick med bølgedans og sjøsprøyt i Selbjørnsfjorden. Dette vert ei oppleving som dine tilsette aldri vil gløyma!
KICK-OFF

I vår Bryggekafé kan du arrangera samlingar for små eller store grupper, vi serverer god møtemat og kan også ordne med pauseaktivitetar eller underhaldning. Ta kontakt!
JUBILEUM / MARKERING / MØTE

Enkle markeringar eller litt større arrangement, vi serverer god mat i uhøgtidelege og avslappande omgjevnader.
Planlegging, idémyldring og andre møter kan gjennomførast med stil i Kråko Bryggekafé.