PORT STEINGARD GJESTEHAMN

PS Gjestehamn

Gjestehamna vår ligg godt skjerma for nordavinden innanfor moloane i Port Steingard, i hjartet av Kråko Sjøhytteområde.

Straum kan du kopla deg på heile året, I sommarhalvåret er det vatn tilgjengeleg.

Du kan ikkje tinga plass på førehand, det er "førstebåt til hamna" som gjeld. Dette er spesielt viktig å vera merksam på i helgane kor vi har spesielle arrangement, då er det best å vera ute i god tid.

Du betaler hamneavgifta gjennom appen GoMarina, som kan lastast ned på telefonen din. Der finn du også gjeldande prisar.