Pubkveld i PS Bryggekafé

Kva er ein pubkveld?

Ein pubkveld er omtrent som eit naust. Naustet er ikkje berre for å ha båt og fiskeutstyr i, men er kanskje mest ein stad å komma saman og ha det kjekt. Pubkveld er ikkje berre for å drikka, men er kanskje mest for å komma saman og prata med gamle og nye kjenningar, på tvers av alder og yrke.

Pubkveld er ein kveld for å komma saman og prata - gjerne over ein liten øl - med gamle og nye kjenningar, på tvers av alder og yrke, vegg i vegg med handverksbryggeriet ELØ.

Kva får du på pubkveld i PS Bryggekafé?

Du får: Friska opp gamle vennskap, og skapa nye.

Du får: Høyra nyhende, både om kva kompisane eller venninnegjengen har gjort på sidan sist,  og om kva ELØ har brygga i tankane sidan sist, og kanskje litt topphemmeleg info om kva som kjem...

Du får: Skyss heim! Me har ein liten mini-buss og sørger for sjåfør som køyrer deg tilbake til sentrum etter pubkvelden, dersom du treng skyss.

Kva får du IKKJE på pubkveld i PS Bryggekafé?

Du får IKKJE: Høg musikk. Me trur at det aller viktigaste er å prata saman, utan å måtte konkurrera med siste hits på sprenghøgt volum. Dersom me spelar musikk, er det berre lågt, i bakgrunnen.

Du får IKKJE: Fancy mat. Pubkveld handlar om å prata meir enn å eta. På pubkveld får du kjøpa snacks eller kanskje ei pølse med brød. Enkelt og greit.

Du får IKKJE: Drikkepress. Me er like glad om du kosar deg med cola eller alkoholfri Kråkesølv.