SOMMAR I KRÅKO 2021

Dersom ikkje anna er nemnt, er teltet ope frå klokka 19 og spelestart ca klokka 20. 

Det vert mogleg å kjøpe bakt potet frå kl 19 i teltet. Resten av matserveringa skjer i kafeen, og det er då lurt å bestille bord!

Kjem du med båt? Port Steingard Gjestehamn er klar til å ta i mot deg! Billettar til konsertane kan du kjøpa på førehand men du kan ikkje tinga plass i båthamna, så det gjeld å vera tidleg ute. Les meir om gjestehamna HER

Åsmund Nesse med Smelta Smør

Åsmund Nesse med Smelta Smør

Torsdag 5. august

5 august kjem Åsmund Nesse med bandet sitt "Smelta Smør" til Kråko

Dette ser dei voldsomt fram til.

I katalogen har Nesse eit aldri så lite knippe med originale viser på kav bømlamål. Låtane til Nesse er prega av både skjemt og alvor, frå raske drikkeviser til vare melanokolske songar til ettertanke. Dette blir visesongaren frå Bømlo sin første konsert på ei altfor lang tid. Åsmund har gjeve ut to album (Lysning 2015 og Viser frå Vesterland 2018) Eit tredje album er i oppkoka

Smelta Smør er det eminente bandet som krydrar komposisjonane hans og som forutan av Nesse sjølv på gitar/munnspel og song består av

Hans-Olav Molde (trommer, kor)
Gunvald Andreas Hagen (melodica, keys)
Edvard Mjanger (kontrabass)
Ella Helen Bukkøy (fiolin og kor)
Håkon Askeland (mandolin og irsk bouzuki)

Velkommen til ein lun og forfriskande aften på Kråko med Åsmund Nesse med Smelta Smør!

Aldersgrense 18 år 

Pris 350,-

Tom Wagtskjold

Tom-Wagtskjold

Fredag 6. august

Ein kveld med trubaduren Tom Wagtskjold. Tom er kjent for sin nære kontakt med publikum og eit repertoar som alle kjenner seg heima i!

Aldersgrense 18 år 

Pris 250,-

Myhres PPT

Myhres PPT

Laurdag 7. august

Myhres PPT er eit band frå Stord som har halde på sidan 1998 med litt varierande besetning og intensitet. Dei spelar ikkje ofte ute, men når dei først gjer det, så er det ein gjeng med stor musikalitet, godt humør og masse speleglede folk får høyra. Neste høve vert ikkje før 8. januar 2022 med ein hyllest til David Bowie på det som ville vore hans 75-årsdag, så her må ein kjenne si besøkelsestid og få med seg ein musikalsk opptur på tampen av sumaren.

Til teltet på Port Steingard stiller Myhres PPT -98, med andre ord originalutgåva av bandet i akustisk versjon slik det heile starta. På trommer finn ein Jan Evald Kleppe, kjent på Fitjar som trommeslagaren i Fitjarrevyen alle åra den har funne stad og frå eit langt hytteliv på Bøkjeneset ved Koløyholmen. Kjell Einar "Kjadd" Tverderøy på gitar, dobro og banjo. Kjadd er ein utvadra øykagge frå Fitjarøyane og nyt kvar ledig stund i det gamle skulehuset på Tverderøy. Jon Eirik Søyland på trekkspel, to meter leirviksbu som til dagleg bur i Bergen, men som likar seg aller best i fitjarøyane med seglbåten sin. Kontrabass og vokal vert som alltid servert av Jørn Olav Myhre, sagvågar med 43 sommarferiar på Kråko i bagasjen. Utan fastbuande på Kråko er det vanskeleg å få til noko meir lokalt enn dette, og bandet lovar fullt trøkk med ikkje dei mest kjente sangane frå 70- og 80-talet, men dei sangane du etterpå vil nynne på og tenkje "steikje for ein bra låt, at eg har gløymt den..."

Aldersgrense 18 år 

Pris 250,-

Silver Wings - ALKOHOLFRI KVELD

Silver Wings

Torsdag 12. august
ALKOHOLFRITT ARRANGEMENT

Silver Wings er et ungdomsband fra Stord, som tross sin unge alder har fått mange tilhengere. Dei har hatt mange spillejobber i Sunnhordland og også Bergen. Silver Wings spelte under Sommar i Kråko i fjor, med heilt utseld telt. I år stiller dei med nye songar og repertoar med trøkk, i sin indie pop/soft rock stil.

Ungdommane fortener å treffast etter ein periode med knallharde restriksjonar! Denne kvelden vert det ikkje servert alkohol i teltet, så dei under 18 år kan trygt kjøpa billett og komma utan følge av foresette på dette arrangementet!

Pris 150,-

(det vert alkoholservering i kaféen som vanleg denne kvelden)

Raititoern med Årstein og Remi

Raititoern

Fredag 13. august

Den velkjente duoen Årstein Tislevoll og Remi Sjo som går under navnet Raitito'ern skal skape liv i teltet denne fredagskvelden med kjente, allsangvennlige slagere på rekke og rad.

Aldersgrense 18 år 

Pris 300,-

Værs'go - Hyllest til Kim Larsen

Laurdag 14. august

UTSELD

"Værs'go - en hyllest Kim Larsen" er full av alle dei kjende og kjære sangene fra Kim Larsens rikholdige slagerliste. Årstein Tislevoll med band skaper ei stemning som er Kim Larsen verdig. Dei spelte for heilt utsolgt telt ved Sommar i Kråko i fjor, og de som ikkje fekk billett då får sjansen igjen i år!

Aldersgrense 18 år 

Pris 325,-