Smakeplanke brus

Vil du gjetta kva brus du smaker? 
Eller vil du lesa først og smaka etterpå?

Du har fem ulike mineralvatn på smakeplanken. Pluss eit glas friskt, kaldt Fitjarvatn heilt til høgre.

Ta gjerne ein slurk vatn mellom kvar brustype for å rensa smaksansen!

Du kan kikka på fasiten med ein gong og lesa om dei ulike brustypane, eller du kan gjetta først og lesa fasiten etterpå, det er valfritt!

ELØ er både bryggeri og brusfabrikk!

Vaagavatn brus er laga her hos ELØ, med ekte smakar og friskt, reint vatn frå Svartavatnet på Fitjarfjellet. 

Smakeplanke med fem brus-sortar og eit glas friskt, kaldt Fitjarvatn.

Nr. 1 frå venstre: 

Vaagavatn Hyllebrus

Dette er kanskje den mest uvanlege brusen på smakeplanken. Har du nokon gong kjent smaken av hylleblom? Mange meiner det er sjølve sommarsmaken. Kva syns du?

Hyllebrusen landa på marknaden våren 2023, og blei straks ein publikumsfavoritt. I Hyllebrusen har Vaagavatn blanda både hylleblomst og hyllebær til ein spennande og sjeldan frisk og nyskapande brus. Sjølvsagt produsert av mineralrikt Svartavatn og med fruktkonsentrat av høg kvalitet.

Nr. 2 frå venstre: 

Vaagavatn Vassperler Arikos

Vassperler Aprikos er ein av Vaagavatn sine mineralvatn, altså karbonert vatn med smak, og er kanskje den lettaste og friskaste av smakane i smakeplanken. Masse smak og ingen kaloriar!

Likar du denne? Eller føretrekk du dei meir tradisjonelle brus-sortane? 

Som brusen, er Vassperler produsert av det mineralrike Svartavatnet på Fitjar. Mineralvatnet med det klingande nynorsknamnet har smak av aprikos.

Nr. 3 frå venstre: 

Vaagavatn Bringebærbrus

Den skikkelig klassiske raudbrusen, heilt ekte og uforfalska bringebærsmak! Laga med smak av ekte bringebær og det mineralrike Svartavatnet på Fitjarfjellet.

Mange meiner dette er den beste brusen i verda. Kva syns du?

Nr. 4 frå venstre: Vaagavatn Solskin

Solskin er ein forfriskande brus med nydelig appelsinsmak. Det er brukt appelsinkonsentrat av høg kvalitet og tilsatt ein “dæsj” naturlig limearoma for å gi brusen eit andå friskare uttrykk. For å unngå at det blir for søtt og samtidig gi smaken ei fin avrunding, har dei tilsett eit lite hint av appelsinskal. Ei iskald Solskin er det nærmaste ein kjem kjære barndomsminner av korleis god gamaldags Appelsinbrus skal smaka.

Sjølvsagt produsert av mineralrikt Svartavatn frå Fitjar. Er det rart at denne Appelsinbrusen smakar ekstra friskt?

Nr. 5 frå venstre: Solo

Den klassiske appelsinbrusen. Greier du å smaka forskjell på denne og Vaagavatn Solskin? 

Kva for ein syns du smakar best?