PS Bryggekafé

Velkommen til Port Steingard, Kråko

I Fitjar kommune, i det magiske området Sunnhordland, like sør for Bergen.

Port Steingard er sjølve hjartet i Kråko.

Her møtest fortid og framtid.
Det storslagne landskapet gjev deg gåsehud.
Du får ro i hjartet, og dei rolege omgjevnadene gjer at du pustar lettare.

Moderne og tradisjonell arkitektur hand i hand

Du kan nyte synet av dei tradisjonelle nausta, finurleg sett saman med ultramoderne bygg. Du kan òg høyre historia om korleis arkitekten vart inspirert av gamle byggeskikkar og teknikkar, og gjenskapte det på den eine sida av vika, medan han skapte noko heilt anna på den andre. Ein må-sjå-effekt som vakkert bind saman gammalt og nytt.

Me er stolte av arkitektur som er inspirert av, men ikkje kopiar av, tradisjonelle sjøhus. Den norske arkitekten Jo Kjetil Nielsen frå JK Arkitektur har teikna bygga i Port Steingard. Han har skapt eit magisk samspel mellom tradisjonell byggeskikk og innovative materialar og strukturar, side om side med naust i klassisk stil.

Tradisjonell kystkultur og nye aktivitetar

Her tek besteforeldre framleis med seg barnebarna ut på fisketur, slik det alltid har vore gjort. Men me har òg plass til nymotens påfunn som vanncooter og Stand Up Padle-brett. Området er perfekt for fridykking, flaskedykking og kajakkpadling.

Storslått landskap

Det ville, vêrbitne landskapet sluttar aldri å imponere – ikkje ein gong oss som bur her – og gjestene står alltid mållause, uansett vêr.

Langsam mat i rolege omgjevnader

PS Bryggekafé er eit namn som både kan bety "kaféen på brygga" og "bryggeri-kaféen". Me synest det er morosamt, for me ligg både heilt nede på brygga og i same bygg som det lokale mikrobryggeriet. Me plar seia at me er så nær sjøen at du må vera forsiktig når du reiser deg.

Prisvinnande øl

Det vesle mikrobryggeriet ELØ – En Liten Øl – har vunne fleire prisar for ølet sitt. Me er svært stolte av å ha dette fantastiske bryggeriet som næraste nabo. Bryggjaren meiner noko av hemmelegheita bak det gode ølet er den framifrå vasskvaliteten her i Fitjar. Vatnet til ølet kjem frå Svartavatnet på Fitjarfjellet.

Me arrangerer ølsmaking for små og store grupper – med eller utan eit tilhøyrande måltid!

Gamle historier

Kva passar vel betre saman med eit kaldt, handlaga øl enn gode historier? Me har fleire å fortelje. Ei av dei handlar om det mytiske vesenet huldra, som har vore ein viktig del av folketrua heilt opp til vår tid. Her i Fitjar treng me ikkje gå meir enn éi generasjon tilbake for å finne folk som i fullt alvor påsto at dei hadde sett henne.

Historia om Huldresteinen

Du får høyre denne sanne historia som ein del av ølsmakinga i PS Bryggekafé, Port Steingard, Kråko.

Me gler oss til å sjå deg her!

Me har god parkeringsplass om du kjem med bil eller turbuss. 
Har du båt? Gjestehamna står klar. Book ølsmaking med eller utan måltid:

+47 453 40 905‬

post@ps-bryggekafe.no