OM OSS

Velkommen til PS Bryggekafé, i hjartet av Kråko Sjøhytteområde!

VERTSKAPET

PS Bryggekafé

Me tilbyr god, enkel mat og skikkelig god stemning på bryggekanten i Kråko!

STEMNINGA

PS Bryggekafé

Kaféen ligg rett på bryggekanten, heilt innerst i Port Steingard, og det gjer at du kjenner nærleiken til sjøen anten du sit ute på den overbygde terrassen eller inne i kaféen.

Me trur at dette er noko som gjer at folk får ro i sjela og får lyst til å komma tilbake!

NABOANE

En Liten Øl Mikrobryggeri

I samme bygg som PS Bryggekafé ligg ELØ, som under leiing av bryggemeisteren Øystein Huus bryggjer prisbelønna øl, som du sjølvsagt får servert på PS Bryggekafé, og kan også kjøpe i ølutsalget deira, som ligg vegg i vegg med kaféen.

Fitjar Islands
I andre etasje, over PS Bryggekafé, finn du såpeprodusenten Fitjar Islands, som sel barberprodukter over heile verda, og også flytande såpe og eit spesiell hånddesinfeksjonsprodukt med friske dufter utvikla med inspirasjon fra landskapet i Fitjarøyene.
Engesund Fiskeoppdrett og visningsanlegg

Rett ute i fjorden ligg vår gode nabo Engesund Fiskeoppdrett og Visningssenter. Dei er ope for omvisning heile året, serverer herlege måltider med eigenprodusert laks, og me planlegg fleire spanande opplevingspakker i samarbeid med Engesund.

I sommarsesongen driv dei Fitjar Turistinformasjon i Fitjar sentrum.

Hogste Gardsmat

Hogste Gardsmat er ein annan produsent me vil at du skal kjenna til.

Tone sin Leverpostei og honning frå biene på garden deira er pålegg du kan verkeleg gleda deg til å smaka.

Fitjar Gardsmat

Me er stolte av at Fitjar har mange lokale produsentar.

Fitjar Gardsmat er ein av desse, både kjøt fra lukkelege griser og Angus-fe. Og spekemat leverar dei også!