JULEBORD I PS BRYGGEKAFÉ

Me kan tilby ei heilt spesiell ramme rundt året julebord her på PS Bryggekafé.

ME FIKSER BUSS

Det skal vera sutalaust og kjekt å ha eit arrangement i PS Bryggekafé i Kråko. Når me veit antal personar, dato og tid kan me henta pris på busstransport med henting på Stord og retur etter julebordet, og me ordner alt det praktiske med dette så de kan berre gle dykk til den kjekke kvelden.

JULEBORD I PS BRYGGEKAFÉ

Julebord i PS Bryggekafé – god plass og god stemning

Eit alternativ er å ha julebordet i kafélokalet, som er stemningsfullt julepynta, og med dei store glasvindauga inn mot bryggehallen, anten fordi bryggehallen ikkje er ledig, eller om de er ei større gruppe. Det er triveleg med julebord i kaféen for mindre grupper  også, men i bryggehallen blir det for trongt dersom de er meir enn 18-20 personar. I kaféen har me god plass for opp til 50 personar.

Me er merksame på at dei fleste ønsker tradisjonell julematbuffet med svineribbe og pinnekjøt med tilbehør og tradisjonelle juledessertar, og det er me veldig gode på. Men me er også open for å planlegga noko utanom det vanlege dersom det er interesse for det. Me kan snakkast om dette på telefonen! Ring til Jorunn på tlf 41270321 eller send e-post til jorunn.hernes@gmail.com

ØLSMAKING

Og sjølvsagt er det mulig å tinga ølsmaking før måltidet, for å riktig setta tonen for julebordet i bryggehallen. Velg mellom vår klassiske ølsmaking eller mot eit tillegg kan me ha ei eksklusiv «juleølsmaking», om det er av interesse.