Bryggekontor

Har de lyst på litt forandring i arbeidskvardagen? Ta ein heilt spesiell arbeidsdag i PS Bryggekafé, Kråko.

Ta med laptoppane. Resten fiksar me. 

Bryggekontor for ein dag

Ta med avdelinga eller teamet ditt og tilbring ein arbeidsdag heilt på bryggekanten.

En kopp kaffe på PS Bryggekafé

Kaffi må me ha!

...eller te........

Varm, nytrakta kaffi står klar når de kjem om morgonen, og me byr på gode bollar, frisk frukt og fornya arbeidsglede!

Masse inspirasjon

i nye omgjevnader

Me kan lova at diskusjonane rundt prosjekt får heilt spesiell energi når dei går føre seg i det trivelege lokalet vårt i Kråko.

Akkurat som eit vanleg kontor

berre heilt annleis

Det vanlege kontoret dykkar bytast ut med bord med sjøutsikt, sjølvsagt med raus plass, stikkontaktar og wi-fi. Og de set saman bord om de vil arbeida saman, og dei som helst vil sitja for seg sjølv kan få eige bord, alt etter som kva de har trong til.

Og når det er tid for lunsj, serverar me pizza og salat, sutalaust og kjekt.

Bryggekontor for ein dag inkluderer rause mengder nytrakta kaffi som står klar frå klokka 8:00, gode boller til morgonkaffien, frukt til å nippa til gjennom dagen, og til lunsj blir det pizza med salat, servert som buffet.

Pris for Bryggekontor for ein dag kl 8:00-16:00: kr 6224,- for inntil 10 personar. Kvar ekstra person utover dette: kr 522,-
Alle prisar er eks mva

Ta kontakt med Edith på telefon 453 40 905 eller skriv til post@ps-bryggekafe.no for å velja Bryggekontordagen dykkar!

Om oss

PS Bryggekafé er i Port Steingard, hjartet av Kråko, Fitjar. Me ligg vegg i vegg med handverksbryggeriet ELØ.
Me skipar til ulike arrangement og er open for små og store grupper som ønsker å komma saman for mat og samvær, ølsmaking og teambuilding. Me har også heilt fantastisk catering å tilby.

Ta kontakt i dag!

Me hjelper deg å planlegga ein heilt spesiell arbeidsdag i Kråko, for deg og dine medarbeidarar.

Sutalaust og kjekt!

Her er me:

PS Bryggekafé